{"id":1249,"date":"2014-03-02T10:18:46","date_gmt":"2014-03-02T09:18:46","guid":{"rendered":"http:\/\/opdacia.org\/?p=1249"},"modified":"2014-03-02T10:20:52","modified_gmt":"2014-03-02T09:20:52","slug":"den-modige-trua","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=1249","title":{"rendered":"Den modige trua"},"content":{"rendered":"<p><em>(Homilie for 8. s\u00f8ndag i det alminnelige kyrkje\u00e5ret, \u00e5r A.\u00a0<a title=\"Lesningar 8. s\u00f8ndag alm krk \u00e5r A\" href=\"http:\/\/liturgi.info\/U8a\" target=\"_blank\">Dagens lesningar<\/a>)<\/em><\/p>\n<p>Me st\u00e5r no like framfor inngangen til fastetida. Om berre tre dagar skal me teiknast med askekrossen. Presten minner oss samstundes om at me er Guds forgjengelege skapning og eigendom, og formanar til omvending og tru. Med dei orda legg me ut p\u00e5 den f\u00f8rti dagar lange \u00f8rkenvandringa saman med Jesus. Det er ei tid for forsaking, b\u00f8n og faste.<\/p>\n<p>Dagens Evangelium kan me sj\u00e5 som eit forberedande innsteg, der me s\u00e5 \u00e5 seie\u00a0<i>tunar oss inn<\/i>\u00a0p\u00e5 tida som kjem. Kristus formanar til tillit til Gud, og til \u00e5 legge livet i Herrens hender. Det er inga lett \u00f8ving. Mennesket slit ofte med tilliten, og held hardt p\u00e5 sitt eige. Sj\u00f8lv n\u00e5r eins eige strengt tatt ikkje er s\u00e5 mykje \u00e5 halde p\u00e5. Det vert litt slik som n\u00e5r Piet Hein skildrar si hanglande helse i vinterkulda:<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/dacia.katolsk.no\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/piet-hein.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft  wp-image-1251\" alt=\"piet hein\" src=\"http:\/\/dacia.katolsk.no\/wp-content\/uploads\/2014\/03\/piet-hein.jpg\" width=\"252\" height=\"197\" \/><\/a>Jeg er s\u00e5 fork\u00f8let, forpint og besv\u00e6ret,<br \/>\nog det er s\u00e5 synd og s\u00e5 trist,<br \/>\nog jeg er s\u00e5 syg, som ingen har v\u00e6ret &#8211;<br \/>\nsiden jeg var det sidst.<br \/>\n<i>Piet Hein<\/i><\/p>\n<p>Mennesket freistast gjerne til \u00e5 g\u00e5 og degge for sitt eige elende, og er ein fyrst kome i ein slik tilstand er ein lite open for oppmuntrande ord. Ein skal ikkje pr\u00f8ve seg med fraser som til d\u00f8mes: \u00abDet kommer ikke an p\u00e5 hvordan du har det, men hvordan du tar det.\u00bb<!--more--><\/p>\n<p>Kristus g\u00e5r den sj\u00f8lvsentrerte livshaldninga i m\u00f8te, og utfordrar oss p\u00e5 v\u00e5r sut og otte. Me tyngar oss med b\u00f8rer me heller skulle legge over p\u00e5 Gud. Trua kan ikkje levast som bevisf\u00f8rsel i etterkant, men med h\u00e5p i forkant. Jesus formanar oss til \u00e5 lite p\u00e5 Han som har skapt oss, og som alltid har augo sine kvilande p\u00e5 oss med kj\u00e6rleik og omsorg. V\u00e5r Far i himmelen veit om alt me trenger til.<\/p>\n<p>Korleis skal me s\u00e5 leve? \u00ab S\u00f8k f\u00f8rst Guds rike og hans rettferd, s\u00e5 skal de f\u00e5 alt det andre i tillegg\u00bb seier Jesus<i>\u00a0(Matteus 6, 33)<\/i>. Tolkningsnykelen for denne utsegna er Kristus sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Jesu liv er eit einaste langt vitnesbyrd om ei djup, konkret overgjeving til Gud. \u00abSkj\u00f8na de ikkje at eg m\u00e5tte vere i min Fars hus?\u00bb seier Jesus som tolv\u00e5ring. Seinare, n\u00e5r han samlar den fyrste apostelskaren og byrjar si forkynning, er b\u00f8na aldri langt unna. Han ber takkeb\u00f8na i fellesskapet, han ber til Gud for alle sine. Han ber under dei lange dagane med forkynning og l\u00e6kjedom for sjuke og uf\u00f8re. Han bed n\u00e5r han utrettar mirakel og opnar hjarta for trua si n\u00e5de. Og n\u00e5r alle fell i svevn om kvelden, d\u00e5 vaknar Jesus i otta og g\u00e5r p\u00e5 aude stader for \u00e5 be\u00a0<i>(Markus 1, 35)<\/i>.<\/p>\n<p>Men kva n\u00e5r livet ikkje g\u00e5r v\u00e5r veg? Kva n\u00e5r livet rasar saman? N\u00e5r resultata fr\u00e5 sjukehuset blir \u00e5 rekne som ei d\u00f8dsdom? Kva n\u00e5r nokon som st\u00e5r oss n\u00e6r vert riven bort? Kva n\u00e5r depresjon gjer at livsmotet kverv og angsten grip tak i oss med si isnande klo?<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv i det djupaste m\u00f8rker, i den skjebnesvangre stunda i Getsemane, sj\u00f8lv der bed Kristus til sin Far i himmelen. I barnlig overgjeving, med forpint sinn, men med augo vendt mot Faderen, ber Jesus om at Guds vilje m\u00e5 skje. Her ligg den djupaste freden som mennesket kan n\u00e5. Kristus reiser seg fr\u00e5 Getsemane hage, ikkje fridd fr\u00e5 b\u00f8ra som ventar han, men med eit hjarte heilt overgjeven til Faderen som vil det beste for b\u00e5de Han og alle menneske. I det ytre g\u00e5r Kristus krossvegen i m\u00f8te. I det indre eig han Guds fulle fred.<\/p>\n<p>Dette er den modne trua. Den modige trua. Den som v\u00e5gar \u00e5 overgje det mest s\u00e5rbare i sjela, dei smertefulle punkta me helst vil g\u00f8yme for alle.<\/p>\n<p>Ver ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Men la oss overgje dagen i dag i Herrens hender. Lat oss overgje v\u00e5re hjarta til Guds omsorg. Gud som ikkje fortapar seg i fortid eller dr\u00f8ymer seg bort i framtid, v\u00e5r Gud som er fullt og heilt til stades i dette no som me alltid st\u00e5r i, Han tek i mot oss og v\u00e5re b\u00f8ner, her og no.<\/p>\n<div id=\"attachment_855\" style=\"width: 203px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/dacia.katolsk.no\/wp-content\/uploads\/2012\/11\/Haavar-Simon-Nilsen-OP.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-855\" class=\"size-full wp-image-855\" alt=\"Haavar Simon Nilsen, St. Dominikus kloster, Oslo\" src=\"http:\/\/dacia.katolsk.no\/wp-content\/uploads\/2012\/11\/Haavar-Simon-Nilsen-OP.jpg\" width=\"193\" height=\"257\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-855\" class=\"wp-caption-text\">Haavar Simon Nilsen, St. Dominikus kloster, Oslo<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>(Homilie for 8. s\u00f8ndag i det alminnelige kyrkje\u00e5ret, \u00e5r A.\u00a0Dagens lesningar) Me st\u00e5r no like framfor inngangen til fastetida. Om berre tre dagar skal me teiknast med askekrossen. Presten minner oss samstundes om at me er Guds forgjengelege skapning og &hellip; <a href=\"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=1249\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_links_to":"","_links_to_target":""},"categories":[3,8],"tags":[],"class_list":["post-1249","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-prekener","category-prekener-ar-a"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1249","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1249"}],"version-history":[{"count":11,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1249\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1261,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1249\/revisions\/1261"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1249"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=1249"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=1249"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}