{"id":1983,"date":"2014-11-30T10:26:27","date_gmt":"2014-11-30T09:26:27","guid":{"rendered":"http:\/\/opdacia.org\/?p=1983"},"modified":"2014-11-30T10:31:19","modified_gmt":"2014-11-30T09:31:19","slug":"forventningsfull-ventetid","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=1983","title":{"rendered":"Forventningsfull ventetid"},"content":{"rendered":"<p><a title=\"Lesningar for 1. s\u00f8ndag i advent \u00e5r B\" href=\"http:\/\/liturgi.info\/A1b\" target=\"_blank\">Lesningar for 1. s\u00f8ndag i advent (\u00e5r B)<\/a><\/p>\n<p>Kj\u00e6re vener. No tr\u00f8r me inn i adventstida. End\u00e5 ein gong har me kome fram til startstreken i kyrkja sin liturgiske syklus. I dag byrjar eit nytt kyrkje\u00e5r. Tyder det at me er tilbake p\u00e5 same staden som me var i fjor? Til det kan ein sei b\u00e5de ja og nei. Ja, fordi liturgien gjentek seg, fordi me h\u00f8yrer dei same b\u00f8nene fr\u00e5 missalet, me h\u00f8yrer tekstar med same tematikk som i fjor, sj\u00f8lv om tekstrekka endrar seg.<br \/>\n<!--more--><\/p>\n<p>Men om liturgien er den same er ikkje <em>me<\/em> det. Me har alle forandra oss. Eit \u00e5r gjer noko med oss, og tida og hendingane me gjennomlever formar oss og pregar oss. Og for oss kristne er alt dette som formar oss i v\u00e5re levde liv s\u00e5 \u00e5 seie programfesta med v\u00e5r tru og v\u00e5r indre vekst. Me er kalla til \u00e5 late oss prege av Den Heilage Ande, og late Gud f\u00e5 utfalde seg i hjarta v\u00e5re. Og alt som skjer i v\u00e5re liv, alle val me tar, og alt som me ikkje r\u00e5r over, alt tolkar me i ljos av v\u00e5r indre trushorisont. Slik spelar trua v\u00e5r saman med r\u00f8yndomen i v\u00e5re eigne liv, og gjer at alle kvardagslige eller st\u00f8rre hendingar f\u00e5r eit tolkningsrom, ein stad der v\u00e5re liv og Jesu liv m\u00f8test. Dette er ikkje teologi. Det er trusr\u00f8yndomen slik han teiknar seg i v\u00e5re liv.<\/p>\n<p>Kva er s\u00e5 det kristne programmet for adventstida? Jesus insisterer i dag p\u00e5 at me m\u00e5 v\u00e5ke! Adventstid er ventetid, det er vaketid over det som skal kome. \u00abUpp, gledjest alle, gledjest no\u00bb syng Odd Nordstoga saman med Sissel Kyrkjeb\u00f8, fr\u00e5 ein salme av Kingo oversett av Elias Blix. \u00abUpp, gledjest alle\u00bb, insisterer diktaren, \u00abmed Fagnad fred og Heilag Ro, i Herren dykkar gleda.\u00bb<\/p>\n<div id=\"attachment_1987\" style=\"width: 245px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/Fra-Angelico-OP-Maria-og-Jesusbarnet-detalj.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-1987\" class=\"size-medium wp-image-1987\" src=\"http:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/Fra-Angelico-OP-Maria-og-Jesusbarnet-detalj-235x300.jpg\" alt=\"Fra Angelico OP. Maria og Jesusbarnet, detalj.\" width=\"235\" height=\"300\" srcset=\"https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/Fra-Angelico-OP-Maria-og-Jesusbarnet-detalj-235x300.jpg 235w, https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/Fra-Angelico-OP-Maria-og-Jesusbarnet-detalj.jpg 432w\" sizes=\"auto, (max-width: 235px) 100vw, 235px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-1987\" class=\"wp-caption-text\">Fra Angelico OP. Maria og Jesusbarnet, detalj.<\/p><\/div>\n<p>Ja, kj\u00e6re vener, det er grunn til \u00e5 str\u00e5le. For adventstida ber bod om ei glede. Ei tid metta med forventning. Gode g\u00e5ver ventar oss. Det er Herren sj\u00f8lv som kjem, som dogg og regn, som me syng i den h\u00f8gtidsstemte gregorianske adventshymnen <em>Rorate C\u00e6li<\/em>. Og kanskje er det nett den audmjuke songen som svarar best til denne djupe forventningsfulle gleda som teiknar seg i dag? Me lyfter v\u00e5re stemmer og syng \u00ab\u00c5 kom, \u00e5 kom, Immanuel\u00bb, slik dei kristne har gjort i dei mange hundre\u00e5ra sidan Jesus l\u00e9t seg sveipe i ei krubbe. Og slik dei kristne syng medan dei ventar p\u00e5 Kristi \u00e5terkomst.<\/p>\n<p>For adventstida ikkje berre ei tid der me ventar p\u00e5 bornet i krybba. Den eigentlige ventetida st\u00e5r i eit eskatologisk ljos. Me ventar p\u00e5 Kristus som ein gong skal kome att, ein siste dag d\u00e5 v\u00e5r verd og v\u00e5r tid er forbi, og me skal st\u00e5 \u00e5syn til \u00e5syn med Gud.<\/p>\n<p>Og n\u00e5r den dagen kjem, d\u00e5 m\u00e5 me vere budde! V\u00e5k, seier Jesus, ver vakne! Det er som Kristus seier: Vend dykk til meg i b\u00f8n og lengsel, slik at de tek i mot meg n\u00e5r den endelege dagen kjem.<\/p>\n<p>Adventstida er ei tid for fornying. Ei tid der me sp\u00f8r oss sj\u00f8lv om me lever trua, om me lever ut den d\u00e5pspakten me ein gong gjekk inn i. I dag kan me setje av litt tid og sp\u00f8rje oss sj\u00f8lve, kvar og ein av oss: Korleis lever eg trua mi? Tek eg ho p\u00e5 alvor? Ber eg? Gjev eg rom for Den Heilage Ande? Gjev eg av meg sj\u00f8lv til dei rundt meg? Er eg eit vitnesbyrd for Jesus? G\u00e5r eg jamleg til messe? Nyttar eg meg av n\u00e5den i skriftem\u00e5let?<\/p>\n<p>Br\u00f8r og systrer. Lat oss f\u00f8re vidare Jesu ord til alle me m\u00f8ter ved \u00e5 vitne i v\u00e5re eigne liv. Lat oss oppmuntre kvarandre i denne vaketida, og opne oss for Guds n\u00e6rv\u00e6r i v\u00e5rt indre. Tida er inne for p\u00e5 nytt \u00e5 sj\u00e5 trua v\u00e5r i ljos av Kristi kome. Tida er inne for \u00e5 vake. Tida er inne for \u00e5 be inne fr\u00e5 djupet av oss sj\u00f8lve. For no er Herrens tid!<\/p>\n<p><a title=\"Upp, gledjest alle, gledjest no\" href=\"https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=pgXi5oHclXo\" target=\"_blank\">&#8220;<em>Upp, gledjest alle, gledjest no<\/em>&#8221; med Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjeb\u00f8<\/a><\/p>\n<div id=\"attachment_1625\" style=\"width: 208px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Haavar-Simon-Nilsen-OP.png\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-1625\" class=\"size-medium wp-image-1625\" src=\"http:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Haavar-Simon-Nilsen-OP-198x300.png\" alt=\"Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo\" width=\"198\" height=\"300\" srcset=\"https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Haavar-Simon-Nilsen-OP-198x300.png 198w, https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Haavar-Simon-Nilsen-OP.png 408w\" sizes=\"auto, (max-width: 198px) 100vw, 198px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-1625\" class=\"wp-caption-text\">Haavar Simon Nilsen OP,<br \/>St. Dominikus kloster, Oslo<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Lesningar for 1. s\u00f8ndag i advent (\u00e5r B) Kj\u00e6re vener. No tr\u00f8r me inn i adventstida. End\u00e5 ein gong har me kome fram til startstreken i kyrkja sin liturgiske syklus. I dag byrjar eit nytt kyrkje\u00e5r. Tyder det at me &hellip; <a href=\"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=1983\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_links_to":"","_links_to_target":""},"categories":[3,9,1],"tags":[],"class_list":["post-1983","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-prekener","category-prekener-ar-b","category-uncategorized"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1983","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1983"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1983\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1991,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1983\/revisions\/1991"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1983"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=1983"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=1983"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}