{"id":2535,"date":"2015-09-27T12:56:51","date_gmt":"2015-09-27T11:56:51","guid":{"rendered":"http:\/\/opdacia.org\/?p=2535"},"modified":"2015-10-10T20:04:47","modified_gmt":"2015-10-10T19:04:47","slug":"work-in-progress","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=2535","title":{"rendered":"Work in progress"},"content":{"rendered":"<p><a href=\"http:\/\/liturgi.info\/U26b\" target=\"_blank\">Lesning for 26. s\u00f8ndag i alm kyrkje\u00e5r, \u00e5r\u00a0B<\/a><\/p>\n<p>Er glaset halvtomt eller halvfullt? Dette sp\u00f8rsm\u00e5let er meint \u00e5 m\u00e5le om du er av det optimistiske eller meir pessimistiske slaget. Ut fr\u00e5 dagens evangelium trur eg Jesus ville sagt at glaset er halvfullt. Han viser ei inkluderande, gener\u00f8s haldning i det han seier: &#8220;Den som ikkje er mot oss er med oss&#8221;. Han vernar om mannen som ikkje er av disippelskaren i det han viser til at han tross manglande tilh\u00f8yre gjer noko godt i si gjerning. Utan \u00e5 vite det gjer outsideren noko godt for Guds rike, og det ser Jesus med det same.<!--more--><\/p>\n<p>Har me dette same blikket som Jesus i v\u00e5re eigne liv? Er me opne for \u00e5 sj\u00e5 dei gode kreftene som leier mot Gud i v\u00e5r sekul\u00e6re verd? Under ei b\u00f8nesamling eg var med p\u00e5 for ei tid tilbake vart det snakk om Den Heilage Ande, og korleis me kan sj\u00e5 spor av Guds n\u00e6rv\u00e6r utanfor kristne kretsar. &#8220;Sj\u00e5 korleis Anden verkar i verda&#8221; var det ein som sa. &#8220;Tenk p\u00e5 alle krefter som vert sett inn i fredsforhandlingar, i diplomatiet for \u00e5 f\u00f8rebyggje krig og konflikt, sj\u00e5 p\u00e5 alle verdas nasjonar som kjem saman for \u00e5 l\u00f8yse dei mange valdelege konfliktane som herjar rundt om i verda. Tenk p\u00e5 alt hjelpearbeid som tek vare p\u00e5 dei trengande, p\u00e5 alle frivillige som arbeider for dei svakaste og trengande i sitt n\u00e6rmilj\u00f8.&#8221;<\/p>\n<p>P\u00e5 denne Caritas-dagen i Noreg er det n\u00e6rliggande \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 det veldige arbeidet som Caritas Internationalis gjer rundt om i verda, og me gler oss over dette. Samstundes, n\u00e5r me ser utover det vidare freds- og hjelpearbeidet i verda, er det ikkje vanskeleg \u00e5 sj\u00e5 Den Heilage Andes aktive virke langt utanfor spesifikt kristne kretsar i v\u00e5rt samfunn. Denne observasjonen kan me sj\u00e5 som ei notidig tolking av Jesu ord i teksten i dag. Den som ikkje er mot oss er med oss. Alle som arbeider for fred, for omsorg og ei meir menneskeleg verd er viktige st\u00f8ttespelarar for Guds rike p\u00e5 v\u00e5r jord. Eg vil tru dette er noko Caritas har god erfaring med, i m\u00f8te med alle samarbeidspartnarar dei samhandlar med.<\/p>\n<p>Hjelpearbeid er s\u00e6rleg aktuelt i desse dagar, n\u00e5r frivillige landet over tek imot syriske flyktningar og gjer alt dei kan for \u00e5 gje dei ein s\u00e5 god velkomst som mogleg. Kanskje skulle me ogs\u00e5 sj\u00f8lv la oss utfordre til \u00e5 gjere ein konkret innsats for dei som treng hjelp i v\u00e5rt n\u00e6rmilj\u00f8? Det finst mange oppg\u00e5ver \u00e5 g\u00e5 inn i, eg er viss p\u00e5 at Caritas-senteret har r\u00e5d om korleis me kan bruke v\u00e5re krefter. I v\u00e5r kyrkjelyd har me v\u00e5r eiga Caritas-foreining som treng fleire st\u00f8ttespelarar. Og kva med sjukebes\u00f8k, st\u00f8ttekontakt-arbeid eller frivillig arbeid i ein av dei mange etablerte institusjonane som finst? Guds rike har rom for meir konkret arbeidsinnsats.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om Jesus ser p\u00e5 omverda med eit inkluderande blikk betyr det ikkje at alt er godt, at alt er rett. Me treng ogs\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 avgrensingane. Livsfornektande praksisar som til d\u00f8mes institusjonalisert fosterdrap og legeassistert sj\u00f8lvmord er perversjonar av noko som pr\u00f8var \u00e5 presentere seg som gode intensjonar. Livet er ukrenkeleg. Ekstrem materialisme og sj\u00f8lvsentrert individualime vert gjerne sett p\u00e5 som eit gode og ein rett, men bryt i sanning ned den menneskelege einskapen og solidariteten. For slike destruktive krefter vender Jesus p\u00e5 det heile og seier: &#8220;Den som ikkje er med meg er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.&#8221; (Matt 12,30).<\/p>\n<p>Som kristne er me kalla til \u00e5 skjelne \u00e5ndene, og sj\u00e5 etter sanninga i v\u00e5rt eige tilvere og hj\u00e5 v\u00e5re medmenneske. Kristus utfordrar oss til \u00e5 gje avkall p\u00e5 alt som hindrar oss fr\u00e5 \u00e5 vekse i kj\u00e6rleik og sanning. Til hjelp har me f\u00e5tt Den Heilage Ande i v\u00e5re hjarte. I fyrste lesinga i dag svarar Moses dei som klagar p\u00e5 profetisk tale innanfor leiren: \u00abGjev alt Herrens folk var profetar! M\u00e5tte Herren gje dei alle sin Ande!\u00bb. Denne Anden har me ved Kristus f\u00e5tt del i, og med det den krafta og rettleiinga me treng for \u00e5 vekse som kristne. \u00c5 sj\u00e5 oss sj\u00f8lve med sannings blikk er ei krevjande \u00f8ving. For det inneber \u00e5 sj\u00e5 ogs\u00e5 det som er usant i v\u00e5re eigne liv. Me er ikkje fullkomne. Me treng alle sjeleleg l\u00e6kjedom og \u00e5ndeleg helbred.<\/p>\n<p>Eg hugsar eg tvilte p\u00e5 eit poeng i ein homilie eg skreiv ein gong, og eg diskuterte innhaldet med ein klok dominikanarbror som heiter Paul Murray. Han st\u00f8tta meg i vinklinga eg hadde vald for preika mi, men la samstundes til: &#8220;You know Haavar, every homily is a heresy!&#8221; Med det meinte han \u00e5 si at det vil alltid vere noko som manglar, noko som ikkje femner heile sanninga. Kanskje skal me v\u00e5ge \u00e5 sj\u00e5 v\u00e5re eigne liv p\u00e5 same vis, -der det alltid er noko som manglar p\u00e5 det fullkomne. Men det vil ikkje sei me lever halvtome liv! Me vert stadig fylt av Heilaganden, me er Work in progress, som skal leiast fram til fullendinga der Guds kj\u00e6rleik vert alt i alle.<\/p>\n<div id=\"attachment_1912\" style=\"width: 235px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/portrett-hsn.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-1912\" class=\"size-medium wp-image-1912\" src=\"http:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/portrett-hsn-225x300.jpg\" alt=\"Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo\" width=\"225\" height=\"300\" srcset=\"https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/portrett-hsn-225x300.jpg 225w, https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/portrett-hsn-768x1024.jpg 768w, https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2014\/11\/portrett-hsn.jpg 900w\" sizes=\"auto, (max-width: 225px) 100vw, 225px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-1912\" class=\"wp-caption-text\">Haavar Simon Nilsen OP,<br \/>St. Dominikus kloster, Oslo<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Lesning for 26. s\u00f8ndag i alm kyrkje\u00e5r, \u00e5r\u00a0B Er glaset halvtomt eller halvfullt? Dette sp\u00f8rsm\u00e5let er meint \u00e5 m\u00e5le om du er av det optimistiske eller meir pessimistiske slaget. Ut fr\u00e5 dagens evangelium trur eg Jesus ville sagt at glaset &hellip; <a href=\"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=2535\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_links_to":"","_links_to_target":""},"categories":[9],"tags":[],"class_list":["post-2535","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-prekener-ar-b"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2535","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2535"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2535\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2549,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2535\/revisions\/2549"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2535"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=2535"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=2535"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}