{"id":838,"date":"2013-08-23T09:00:38","date_gmt":"2013-08-23T08:00:38","guid":{"rendered":"http:\/\/opdacia.org\/?p=838"},"modified":"2013-08-23T10:12:15","modified_gmt":"2013-08-23T09:12:15","slug":"a-la-seg-bli-sett","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=838","title":{"rendered":"\u00c5 la seg bli sett"},"content":{"rendered":"<p><a title=\"Lesninger for 21. s\u00f8ndag alm kirke\u00e5r (C)\" href=\"http:\/\/liturgi.info\/U21c\" target=\"_blank\">Lesninger for 21. s\u00f8ndag alm kirke\u00e5r (C)<\/a><\/p>\n<p>Kj\u00e6re vener. Gudsorda fell tungt i lesningane me har h\u00f8yrd. For kva er det for ein Gud Evangeliet avdekker i dag? Ein despot, ein eineherskar, mannevond og n\u00e5delaus? Kva er det for ein Gud som ikkje vil ta imot sine born som st\u00e5r hulkande framfor Guds trone og himmelens port? Kva er det for ein Gud som tuktar oss, som refsar og straffar slik han finn det for godt? Eg berre sp\u00f8r: Kva er dette for ein Gud?<br \/>\n<!--more--><\/p>\n<p>Om me tenkjer p\u00e5 Gud p\u00e5 dette viset, d\u00e5 har me ikkje tatt heilt inn over oss kva Kristi korsoffer inneber for oss. Ved Kristi liding og d\u00f8d p\u00e5 korset har ikkje Gud berre frelst verda. Han har \u00f2g gjort noko med sj\u00f8lve lidinga. Gud har ved frelsesmysteriet gjeve lidinga sj\u00f8lv ein sjanse.<\/p>\n<p>Den smerta som me alle tidvis kjenner i v\u00e5re eigne liv er ikkje noko Gud ynskjer. Han ynskjer lukke og fred for sine born. Lidinga er eit teikn p\u00e5 ein ufullkomen tilstand, ein mangel i det skaparverket som Gud tenkte ut for dei som han sette h\u00f8gst, nemleg deg og meg. Det er meiningslause og tomrom i lidinga. Likevel finst der ein veg i smerta. Foreina med Kristi liding kan alle pr\u00f8velsar me lever bli til ein frelsesveg, ein veg som leier oss mot Guds milde n\u00e5de og audmjuke kj\u00e6rleik. Men korleis?<\/p>\n<p>Min medbror, Arnfinn Haram, sa ein gong: Det handlar ikkje om \u00e5 overvinne smerta og pr\u00f8velsane. Det handlar om \u00e5 gjennomvinne dei! Eg trur han meinte \u00e5 sei at det handlar om \u00e5 st\u00e5 i det som er vanskeleg, ikkje \u00e5leine, men saman med Kristus. Det er inga lett oppg\u00e5ve. \u00c5 st\u00e5 med garden nede n\u00e5r ein blir sl\u00e5tt gong p\u00e5 gong, det er \u00e5 trosse v\u00e5re menneskelege refleksar. Men det er nett dette Kristus gjer, b\u00e5de i \u00f8rkenen der djevelen freistar han, i hagen i Getsemane d\u00e5 han som s\u00e5 mange gonger f\u00f8r i sine natteb\u00f8ner vrir seg i otte og fortviling, og p\u00e5 den tunge vegen mot krossen. Jesus forsvarar seg ikkje. Han overgjev heile sitt liv til sin Far. Han trossar refleksane som vil beskytte mot det som gjer vondt i livet. Ikkje fordi han vil pine seg sj\u00f8lv. Men av di han veit at Gud vil vere der for han, og halde si hand over han. Uansett. \u201dEg gjev deg heile mitt liv\u201d, seier Kristus til Faderen. \u201dIkkje berre dei gode dagane, men \u00f2g dei smertefulle, dei forferdelige dagane. Alt gjev eg deg, min Gud, mitt alt.\u201d<\/p>\n<p>Kva er det s\u00e5 som kan sette oss i ein slik posisjon at me blir st\u00e5ande p\u00e5 utsida av Guds rike n\u00e5r domen fell? Er det at me avviser Gud?<\/p>\n<p>Ein ven av meg fortalde meg at han hadde f\u00e5tt ei utfordring av psykologen sin. Han skulle tenkje over dette \u00e5 bli avvist, -kven var han mest redd for \u00e5 bli avvist av. Han hadde kome fram til at han kunne tole \u00e5 verte avvist av mange. Og han konkluderte med \u00e5 sei: Det berre ein person som det vil v\u00e6re verkeleg truande \u00e5 verte avvist av. Meg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/dacia.katolsk.no\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Edvard-Munch-Kvinnen-1894-utsnitt.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft size-medium wp-image-841\" alt=\"Edvard Munch Kvinnen 1894 utsnitt\" src=\"http:\/\/dacia.katolsk.no\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Edvard-Munch-Kvinnen-1894-utsnitt-300x200.jpg\" width=\"300\" height=\"200\" srcset=\"https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Edvard-Munch-Kvinnen-1894-utsnitt-300x200.jpg 300w, https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Edvard-Munch-Kvinnen-1894-utsnitt-448x300.jpg 448w, https:\/\/www.opdacia.org\/wp-content\/uploads\/2013\/08\/Edvard-Munch-Kvinnen-1894-utsnitt.jpg 929w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a>Me er heile tida freista til \u00e5 vende ryggen til det me ikkje vil sj\u00e5 i oss sj\u00f8lve. Men om me stenger av fr\u00e5 det smertefulle, om me ikkje orkar \u00e5 n\u00e6rme oss sanninga om kven me er, om me flyktar fr\u00e5 oss sj\u00f8lve, korleis skal me d\u00e5 kunne overgje heile v\u00e5re liv til den Gud som elskar oss? Korleis skal Gud kunne kjenne oss att om me aldri viste oss for han slik me faktisk er? Om me fornektar oss sj\u00f8lve, d\u00e5 fornektar me den personen som Gud har skapt oss som, og i ytste konsekvens risikerar me \u00e5 fornekte Gud sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>M\u00e5 Gud forby at nokon av oss skal f\u00e5 h\u00f8yre desse orda: \u201dEg veit ikkje kvar de er ifr\u00e5. G\u00e5 bort fr\u00e5 meg, alle de som gjer urett!\u201d. Lat oss heller sleppe Gud inn i heile v\u00e5re liv. Lat oss be om mot til \u00a0\u00e5 m\u00f8te oss sj\u00f8lve, med alt det me er, og lat oss be om kraft til \u00e5 v\u00e5ge \u00e5 vende oss mot alt i oss, ogs\u00e5 det me ikkje vil sj\u00e5. Lat oss legge fram v\u00e5r avmakt og\u00a0v\u00e5re synder i skriftem\u00e5let.\u00a0Lat oss st\u00f8tte kvarandre, systrer og br\u00f8r, og bere b\u00f8rene til kvarandre. For n\u00e5r me gjer dette, d\u00e5 tr\u00e5r me stien fast og rett, som Paulus seier. D\u00e5 kjem Gud oss i m\u00f8te, lenge f\u00f8r me er kome halvvegs. D\u00e5 kastar Gud armane om halsen p\u00e5 oss, og lyfter oss p\u00e5 herdi og ber oss inn til bryllaupsfesten og den evige gleda.<\/p>\n<p>p. Haavar Simon Nilsen OP, St Dominikus, Oslo.<\/p>\n<p style=\"text-align: left;\">\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Lesninger for 21. s\u00f8ndag alm kirke\u00e5r (C) Kj\u00e6re vener. Gudsorda fell tungt i lesningane me har h\u00f8yrd. For kva er det for ein Gud Evangeliet avdekker i dag? Ein despot, ein eineherskar, mannevond og n\u00e5delaus? Kva er det for ein &hellip; <a href=\"https:\/\/www.opdacia.org\/?p=838\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_links_to":"","_links_to_target":""},"categories":[7],"tags":[],"class_list":["post-838","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-prekener-ar-c"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/838","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=838"}],"version-history":[{"count":13,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/838\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":852,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/838\/revisions\/852"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=838"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=838"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.opdacia.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=838"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}