Herren jublar over deg med fryd!

Lesningar for julemidnattsmessa 

laughing baby sleepKjære brør og systrer i Kristus. I denne nattetime skjer det enno ein gong. Me tek del i forteljinga om det unge, utslitte paret, Maria og Josef, som har søkt tilflukt i ein stall, eit fattigsleg krypinn som skal bli fødestue for Guds son. Kan hende er det krysninga mellom det kvardagslige, velkjende, jordiske –og det kosmiske, himmelske dramaet som gjer natta i natt til kva ho er; eit møte som tek oss inn i et ljos og ein varme som liksom overraskar oss kvar gong?

Men kva ord eller kva bilete kan me nytte for å skildre på dette veldige dramaet som inkarnasjonen er? Tja, kanskje skal me òg ty til noko som er kvardagslig i vår eiga tid, som til dømes YouTube.

På YouTube kom eg for ei tid sidan over ein videosnutt kalla «laughing baby sleep». Det viser eit spedbarn, ein liten gut med raudlette bollekinn og eit fredfullt, avslappa andlet som byrjar å le midt i svevnen. Ein klukkande, smittande latter som er så fantastisk at det nesten gjer vondt å sjå. I dette vesle barnehjarte spring gleda fram, ubudt og spontant, som skulle det vere englar som kviskrar og kjæler med den lille. Eg kan levande førestille meg at det vesle Jesus-barnet gjorde det same, i armane på Maria. Det er ein uskuldsrein latter som minner oss om vår eigen lengting etter uskuldstid og fri glede.

Og det er nett gleda som gjetarane på marken får bodskap om. Engelen seier: «Eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket!» (Joh. 2,12)
Det er grunn til glede når Gud omfamnar sin skapnad. Det er grunn til glede når Herren bryt inn i historia og gjer oss til eit med Han. Og det er grunn til glede når me kan opne oss for mysteriet i openberringa og bli ven med vår Gud og bror Jesus.

Difor fell det seg også så naturlig når Pave Frans kallar si fyrste apostoliske formaning for Evangelii Gaudium, -Gledas Evangelium. Han naudar alle kristne til å fornye venskapsbandet til Herren, og gjennom bøn og nestekjærleik både styrke og spreie bodskapen om fridomen og gleda i Kristus. Det er fyrst når me lar Gud leie oss ut over oss sjølve og inn i Guds nærvær, sier pave Frans, at me vert fullt og heilt oss sjølve, fullt og helt det vi er kalla til, fullt og helt menneske.

Så er me altså kalla til å glede oss. Men gleda i Evangeliet er ikkje ei påtatt, overflatisk glede, som om det skulle være ein slags lettkjøpt underhaldning. Det er ei glede som spring ut av forløysinga og fridomen som Kristus gjev, ei dyrekjøpt gåve som Herren ofrar alt for. Difor finn skildringa av barnet som ler sitt motstykke i det nyfødde barnet, som alltid gret i det det møter verda. Det lille spedbarnet, verdens Frelsar, gret i møte med denne jord. Og denne første gråten frå Menneskesonen blandar seg med gråten som Jesus sidan vil kjenne når han står framfor grava til Lasarus, saman med Maria og Marta. Den blandar seg med gråten over kvinnene i Jerusalem, når Jesus vert hylla som konge ein siste gang før krossfestinga. Og den blandar seg med all sorg og all gråt i denne verden, og blir ett med våre sorger og våre lidingar. For Kristus står ikke over eller utenfor våre liv. Han let seg unnfange, føde, vakse opp og lide sin offerdød i full einskap med kvart einskild menneske, slik me lever våre liv, både i glede og i sorg.

Det er dette som er Evangeliet, at me ikkje er forlatt, men lyft opp i Guds famn som born som ikkje lengre har noko å frykte, som vert elska og verna om. Evangeliet forkynner ei glede som òg femner det vanskelege der me ikke har ferdige svar, der me ikkje strekk til. Så lat oss svare Gud med den gleda som Han kjenner for oss, som det står hos profeten Sefanja:

Herren din Gud er hos deg…, han gleder og frydar seg over deg, viser deg atter sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd. 
(Sefanja 3,17)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.