Økumenisk olsokmesse

Olsok – Olav den Heilage

Olav-antemensaletDagens ord går rett til kjernepunktet av det kristne Evangeliet. Kjærleiken ber i seg offervilje, slik Jesus òg framhevar det i Johannesevangeliet: «Ingen har større kjærleik enn den som gjev sitt liv for sine vener» (Joh. 15,13). Kristus lovar disiplane at somme av dei vil måtte tøme den kalken som Herren sjølv må drikke, men at dei for dette også vil prisast salige i himmelen. Soleis har alltid martyriet vore høgt akta i Kyrkja, sidan det utrykker agape, den betingelseslause kjærleiken som speglar Guds holdning til oss.

En slik total overgjeving er også fullendinga av kristentrua, men trusvegen byrjar sjeldan der, og martyriet er då heller ikkje mange gitt. Heldigvis får me sei. Nei, trusvegen byrjar som regel varleg. Paulus skriv i fyrste brevet til korintarane om korleis han nærar dei truande med mjølk; fast føde klarar dei enno ikkje (1. Kor 3,2). Det viser korleis kyrkja alltid har hatt syn for åndeleg vekst tilpassa kvar einskild kristen sitt liv. Det tek tid å bli fylt av Evangeliets bodskap. Det tar tid å la seg prege av Gud.

I dag feirar me Heilag Olav, ein mann som sjølv gradvis vaks inn i si eiga tru, og i Kyrkja si tru, og som til slutt let seg femne av fylden av det mysteriet som openberrar seg i Kristi korsoffer på Golgata. Hans liv vert verkeleg til Imitatio Christi – til ein som lever i Kristi etterfylging heilt fram til offerdøden. Det er denne stadige fordjupinga i trua hjå Heilag Olav som fasinerer oss, som inspirerer oss og som også utfordrar. Det er spanande å fylgje hans trusutvikling, eit trusliv som vert prega av Kyrkja både i vest og i aust.

Olav Haraldsson er ein outsider i kyrkjelege kretsar. Han veks ikkje opp med salmar og bøn, messefeiring og andaktsfulle stunder. Han er ein viking, der ætt, ære og omdøme er dei sentrale verdiane han byggjer på. Men sjølv om han både plyndrar og drep har denne vikingen eit ope og undrande hjarte. Han kjem i nærkontakt med kristendomen som veks fram i Europa, og særs viktig blir overvintringa i Rouen som gjest hjå Richard II. Då er Olav knapt 20 år gamal.

Kva var det som drog Olav mot kristentrua? Var det samtalane med den franske adelen denne vinteren i Rouen, og utlegginga av Kvitekrist som den sterkaste Kongen, som rår over både liv og død? Var det møte med Kyrkja, med den velorganiserte samfunnsorden som sprang ut av ordenssamfunna og kyrkja si leiing? Eller var det dei mange historiene om sverdkristninga til Charlemagne, Karl den Store, som vann Olav si merksemd? Sonen til Olav fekk jo namnet Magnus, og båten han stemna tilbake til Noreg med kalla han Karls-hovde…

Eller var det kanskje dei smygande tonane frå den gregorianske songen, mystikken frå lysskimmeret i kyrkjeromet, den dragande, guddommelege liturgien der Gud sjølv kommer nær? Me tenkjer så lett i intellektuelle banar i vår tid, og gløymer estetikkens kraft som kan drive mennesket like inn i Guds famn, i samspelet mellom det vakre, det sanne og det gode.

Relieff av Heilag Olav på Ndarosdomen.

Relieff av Heilag Olav på Ndarosdomen.

Sanninga er truleg at alt dette var med på å prege det unge kongsemnet. Olav lét seg fylle av truslivet i heile sitt mangfald, og opna seg for den djupe sjelelege og åndelege omdanninga me kallar heilaggjeringa. Og då Olav etter sin dåp i Rouen vendte heimover hadde han tatt opp i seg ein visjon, der kristninga av Noreg og eit samla kongedøme fall saman i eit og same mål, uskiljeleg og sameint. Eit kongedøme måtte vere eit kristent kongedøme, berre slik kunne han realisere sitt mål.

Men sjølv om Olav lukkast i sin misjon den fyrste tida vert han snart slått tilbake, og må flykte i eksil. Han dreg til Gardarrike, der han har både slekt og vern. Men den ufrivillige retretten tyngjer det unge kongsemnet. Passivisert og usikker søkjer Olav til bøna og aust-kyrkja sin liturgi. Han brytast med seg sjølv, med sitt forsett og trulig òg med si tru. Kva no,spør han seg, men får ikkje svar. Skal han dra på pilegrimsferd til Jorsal, eller gje opp all verdsleg makt og trå inn i ein munkeorden?

Det me ser i Kong Olav er eit menneske som Gud kallar stadig djupare inn i trua sitt skjulte liv. Heilag-Olav sin veg er som ei Jakobs-reise. I Frankrike er det som han får sjå himmelstigen der Guds englar stig opp og ned. I Russland kjempar han sin indre, stride kamp med Gud, og seier som Jakob: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg!» (jf 1 Mos 32,26)

Samstundes er det som ein økumenisk trusveg Olav vandrar på. Hans kristningsverk hentar kraft både frå vest og frå aust, og Olav sjølv vert senka stadig djupare ned i trusmysteriet inntil han finn forløysing i avgjerda om å vende attende til heimlandet, i eit siste forsøk på å samle Noreg til eit, kristent rike. Han går sitt endelikt i møte med muntert sinn, om me skal tru Snorres saga. Glad og pratsam har han funne att gnisten i sitt indre. Det er denne gnisten som for alvor tenner trua si eld ved slaget på Stiklestad, og som opnar sjølve folkesjela for Kristus og for den djupe forståinga av samfunnet av dei truande.

I dag møtest me her, både aust- og vestkyrkja, samla på luthersk initiativ. Me har alle del i den same gnisten som gav kraft og mot til Heilag Olav. På forskjellig vis er me frukt av den trua som har hatt feste i Noreg i tusen år, og me ber med oss trusarven som fekk feste ved Kong Olav sitt kristningsverk, og som han ved Guds nåde fullførte etter sin eigen død.

Som kristne i Noreg er me alle forplikta på Olavsarven, og me har alle ein misjon å leve ut i vårt land i dag. Skal me greie det må me søke den same vegen som Kong Olav gjekk. Ikkje at me skal oppsøke martyriet. Det finn diverre stad dagleg i andre delar av verda, og er ei sorg for oss alle å bere.

Men skal me lukkast med forkynninga i Noreg i dag må me søke fordjupinga i det kristne, evangeliske kallet. Me må søke mysteriet og bøna, gjerne i glede, men somme tider også i mørke og uvisse. Vår tid treng ei kyrkje som vågar å vere seg sjølv. Ikkje belærande. Heller ikkje alt for overberande. Me kan berre finne åndeleg kraft gjennom eit autentisk kristenliv, og gjennom autentiske kyrkjesamfunn. Me må halde Kristus fram for folket gjennom ei høgverdig feiring av Gudstenesta. Me må halde Kristus fram gjennom ei lære som er truverdig og etterlevd hjå dei truande sjølv. Og me må halde Kristus fram gjennom det kristne fellesskap både innanfor våre kyrkjesamfunn og mellom dei forskjellige konfesjonane. Og me må våge å stå fram i det offentlege rom med stort frimod. Me skal kanskje ikkje vente at alle skal vere einige i vår ståstad rotfest i den kristne trua, men me har like fullt rett til å ta del i det offentlege ordskifte frå vår ståstad som kristne. Vår stemme trengs i eit samfunn som er i ferd med å gjeve opp viktige etiske prinsipp som slo rot for tusen år sidan. Menneskeverdet pressast frå mange hald, og det er ei viktig kristen plikt å stå tydelig fram med ein menneskevenleg etikk. Det er forkynning som er naudsynt både utanfor men òg innanfor kristne kretsar.

Eg trur likevel det viktigaste me som kristne kan gjere i dag kan uttrykkast i omgrepet Ad fontes. Me treng å finne inn til kjeldene i oss sjølve, der mysteriet openberrar seg, der Gud kjem oss i møte. Lat oss med fornya iver vende oss til kjelder med levande vatn, og slik finne åndeleg styrke til oppgåvene som ventar.

Heilage Olav er vår inspirasjon i vårt misjonsarbeid, samstundes som han utfordrar! Hans offerdød på Stiklestad krona han til Rex Perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Han er også vår konge, og som konge formanar han til å vidareføre sitt verk. Som kyrkjesamfunn står me alle med eit forvaltaransvar. Det byrjar med oss sjølve.

Må Heilage Olav sjølv gå i forbøn for oss, og må Kristus kome oss til hjelp i vår tid, han som lyer til alle truande sine bøner.

Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen OP,
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.