Forventningsfull ventetid

Lesningar for 1. søndag i advent (år B)

Kjære vener. No trør me inn i adventstida. Endå ein gong har me kome fram til startstreken i kyrkja sin liturgiske syklus. I dag byrjar eit nytt kyrkjeår. Tyder det at me er tilbake på same staden som me var i fjor? Til det kan ein sei både ja og nei. Ja, fordi liturgien gjentek seg, fordi me høyrer dei same bønene frå missalet, me høyrer tekstar med same tematikk som i fjor, sjølv om tekstrekka endrar seg.

Men om liturgien er den same er ikkje me det. Me har alle forandra oss. Eit år gjer noko med oss, og tida og hendingane me gjennomlever formar oss og pregar oss. Og for oss kristne er alt dette som formar oss i våre levde liv så å seie programfesta med vår tru og vår indre vekst. Me er kalla til å late oss prege av Den Heilage Ande, og late Gud få utfalde seg i hjarta våre. Og alt som skjer i våre liv, alle val me tar, og alt som me ikkje rår over, alt tolkar me i ljos av vår indre trushorisont. Slik spelar trua vår saman med røyndomen i våre eigne liv, og gjer at alle kvardagslige eller større hendingar får eit tolkningsrom, ein stad der våre liv og Jesu liv møtest. Dette er ikkje teologi. Det er trusrøyndomen slik han teiknar seg i våre liv.

Kva er så det kristne programmet for adventstida? Jesus insisterer i dag på at me må våke! Adventstid er ventetid, det er vaketid over det som skal kome. «Upp, gledjest alle, gledjest no» syng Odd Nordstoga saman med Sissel Kyrkjebø, frå ein salme av Kingo oversett av Elias Blix. «Upp, gledjest alle», insisterer diktaren, «med Fagnad fred og Heilag Ro, i Herren dykkar gleda.»

Fra Angelico OP. Maria og Jesusbarnet, detalj.

Fra Angelico OP. Maria og Jesusbarnet, detalj.

Ja, kjære vener, det er grunn til å stråle. For adventstida ber bod om ei glede. Ei tid metta med forventning. Gode gåver ventar oss. Det er Herren sjølv som kjem, som dogg og regn, som me syng i den høgtidsstemte gregorianske adventshymnen Rorate Cæli. Og kanskje er det nett den audmjuke songen som svarar best til denne djupe forventningsfulle gleda som teiknar seg i dag? Me lyfter våre stemmer og syng «Å kom, å kom, Immanuel», slik dei kristne har gjort i dei mange hundreåra sidan Jesus lét seg sveipe i ei krubbe. Og slik dei kristne syng medan dei ventar på Kristi återkomst.

For adventstida ikkje berre ei tid der me ventar på bornet i krybba. Den eigentlige ventetida står i eit eskatologisk ljos. Me ventar på Kristus som ein gong skal kome att, ein siste dag då vår verd og vår tid er forbi, og me skal stå åsyn til åsyn med Gud.

Og når den dagen kjem, då må me vere budde! Våk, seier Jesus, ver vakne! Det er som Kristus seier: Vend dykk til meg i bøn og lengsel, slik at de tek i mot meg når den endelege dagen kjem.

Adventstida er ei tid for fornying. Ei tid der me spør oss sjølv om me lever trua, om me lever ut den dåpspakten me ein gong gjekk inn i. I dag kan me setje av litt tid og spørje oss sjølve, kvar og ein av oss: Korleis lever eg trua mi? Tek eg ho på alvor? Ber eg? Gjev eg rom for Den Heilage Ande? Gjev eg av meg sjølv til dei rundt meg? Er eg eit vitnesbyrd for Jesus? Går eg jamleg til messe? Nyttar eg meg av nåden i skriftemålet?

Brør og systrer. Lat oss føre vidare Jesu ord til alle me møter ved å vitne i våre eigne liv. Lat oss oppmuntre kvarandre i denne vaketida, og opne oss for Guds nærvær i vårt indre. Tida er inne for på nytt å sjå trua vår i ljos av Kristi kome. Tida er inne for å vake. Tida er inne for å be inne frå djupet av oss sjølve. For no er Herrens tid!

Upp, gledjest alle, gledjest no” med Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø

Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen OP,
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.