går over fjellet
av meg sjølv
før eg kan leiast
dit du vil
før eg let deg ta i bruk
alle rom eg har okkupert
før kjelda
kan fylle lengsla sitt botnlause hol
inn i æva
før eg veit meg elska
og uløyseleg bunden
og berre anden svarar stille
frå mitt inste djup
”Abba, Far”
Torbjørn Kloster -13