Nåde over nåde

Liturgiske tekster for festen for Jomfru Marias opptagelse i himmelen

fra-angelico-assumption1Når vi feirar Marias opptaking i himlen med kropp og sjel, feirar vi eigentleg menneskets veg til Gud, vår eigen veg til Gud; sjølve kallet og meininga med det å vere menneske. Maria er vår mor, den nye Eva, ho representerer oss alle.

Det er ikkje tvil om at Maria er Guds reidskap på ein spesiell måte, ho er Herrens tenarinne, Ancilla Domini, som ho sjølv seier. Evangeliet i dag vitnar om alt dette:

Ho er Guds mor, Herrens mor. Elisabet helsar henne og seier: Hvem er vel jeg at min Herres mor kommer til meg?  Og det sa ho nettopp om barnet som Maria bar under bringa; velsignet er han du bærer i ditt skjød.

Dette er den djupaste grunnen til at vi ærer Maria; ho er Guds mor, ho er Deigenitrix, Theotokos, Gudføderske. Vi fastheld og vedkjenner det nettopp som ei vedkjenning til Kristus: Alt i mors liv  var han ”Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av den sanne Gud” (Nicenum). Hyllesten til Maria kling gjennom kyrkja, som ein stadig gjenklang av desse orda i evangeliet: Velsignet er du fremfor alle kvinner. Og, som ho bryt ut i sin lovsong: Heretter skal alle slekter prise meg salig. Maria er kvinna, kledd i sola, som vi høyrde om i den 1. lesinga frå Johannes Openberring; ho er den som føder Frelsaren, han som en gang skal styre hedningene med et septer av jern.

I dag, på Assumptio-festen, seier vi: Velsigna vere Jesus, Marias livsfrukt, men velsigna vere også mennesket som tek i mot han, som opnar seg for han med heile seg. Maria tok i mot han slik; ho opna sitt morsliv for Gud. Vi tek også mot Gud kroppsleg, sakramentalt; i dåpen, i evkaristien. Heile mennesket skal ta i mot Gud, heile mennesket skal guddomleggjerast. Dette skjer i Jesus Kristus, i hans inkarnasjon og hans frelsesverk, som vi høyrde: Førstegrøden er Kristus, så ved hans komme, følger de som hører Kristus til.  Og Maria kjem fyrst av dei som høyrer Kristus til, som vår mor, som vår forløpar, som vår forbederske.

Det er så lett å misse dette perspektivet på mennesket i dag, ja, på vår eige liv. Vi har vent oss til å leve som fjernt frå Gud, eller vi syns at Gud er så fjern frå oss. Gud verkar så irrelevant for mange i vår tid. Kva har han å seie, frå eller til? Mange har vent seg til å leve utan Gud, utan bøn. I dette ligg det sikkert eit opprør, men også ein resignasjon, eit tap av illusjonar, dessverre kanskje på grunn av oss truande, vi som skulle vere hans sendemenn- og kvinner i verda. Men desto meir har vi behov for å feire fellesskapen mellom Gud og menneske i dag, slik vi gjer på denne festen; feire venskapen og intimiteten mellom Gud og menneske; Maria, vår mor, teken med kropp og sjel inn i Guds evige nærleik!

”Gud er menneskets ære” seier den heilage Ireneus av Lyon. Eg skulle ynskje at vi kunne sjå Guds historie med oss som det mest intime, det mest avgjerande, det mest underfulle ved livet vårt. Slik salmisten seier det: Herre, du kringset meg på alle sider, du har lagt di hand på meg. Det er for underfullt til å skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det… Du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv. Eg takkar deg fordi eg er skapt på skræmeleg underfull vis. Underfulle er dine verk, det veit eg så vel  (Sal 139).

Slik nettopp Maria, den unge jødiske kvinna, kjende det; du har lagt di hand på meg, frå då engelen sto i døra. Slik at ho seinare kunne juble: Magnificat anima mea; Min sjel forkynner Herrens storhet, og mitt hjerte jubler i Gud, min Frelser… Store ting har Den Mektige gjort mot meg – hellig er hans navn.

Dei store tinga Gud har gjort med Maria, det er det vi feirar i dag, og det ligg ein lovnad og eit håp for alt menneskeliv og for vårt eige liv. Vi vil leve solidarisk med alle menneske som kjenner realitetane in haec lacrimarum valle, denne tåredalen. Og vi lyfter sinnet vårt og røysta vår og ropar, for oss og for alle: Eia ergo, advocata nostra, illos tuos misericordes oculos ad nos converte; Du vår mor og talskvinne, vend dine miskunnsame augo mot oss – og be for oss!

Vi skal ikkje gi tapt; himlen er høgre enn jorda, Guds nåde er sterkare enn alt. Saman med Maria vil vi difor prise Gud og seie:

Av hans fulnad har vi fått, nåde over nåde!

Arnfinn Haram OP (1948-2012), St. Dominikus kloster, Oslo

Arnfinn Haram OP (1948-2012),
St. Dominikus kloster, Oslo

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.