Work in progress

Lesning for 26. søndag i alm kyrkjeår, år B

Er glaset halvtomt eller halvfullt? Dette spørsmålet er meint å måle om du er av det optimistiske eller meir pessimistiske slaget. Ut frå dagens evangelium trur eg Jesus ville sagt at glaset er halvfullt. Han viser ei inkluderande, generøs haldning i det han seier: “Den som ikkje er mot oss er med oss”. Han vernar om mannen som ikkje er av disippelskaren i det han viser til at han tross manglande tilhøyre gjer noko godt i si gjerning. Utan å vite det gjer outsideren noko godt for Guds rike, og det ser Jesus med det same.

Har me dette same blikket som Jesus i våre eigne liv? Er me opne for å sjå dei gode kreftene som leier mot Gud i vår sekulære verd? Under ei bønesamling eg var med på for ei tid tilbake vart det snakk om Den Heilage Ande, og korleis me kan sjå spor av Guds nærvær utanfor kristne kretsar. “Sjå korleis Anden verkar i verda” var det ein som sa. “Tenk på alle krefter som vert sett inn i fredsforhandlingar, i diplomatiet for å førebyggje krig og konflikt, sjå på alle verdas nasjonar som kjem saman for å løyse dei mange valdelege konfliktane som herjar rundt om i verda. Tenk på alt hjelpearbeid som tek vare på dei trengande, på alle frivillige som arbeider for dei svakaste og trengande i sitt nærmiljø.”

På denne Caritas-dagen i Noreg er det nærliggande å sjå på det veldige arbeidet som Caritas Internationalis gjer rundt om i verda, og me gler oss over dette. Samstundes, når me ser utover det vidare freds- og hjelpearbeidet i verda, er det ikkje vanskeleg å sjå Den Heilage Andes aktive virke langt utanfor spesifikt kristne kretsar i vårt samfunn. Denne observasjonen kan me sjå som ei notidig tolking av Jesu ord i teksten i dag. Den som ikkje er mot oss er med oss. Alle som arbeider for fred, for omsorg og ei meir menneskeleg verd er viktige støttespelarar for Guds rike på vår jord. Eg vil tru dette er noko Caritas har god erfaring med, i møte med alle samarbeidspartnarar dei samhandlar med.

Hjelpearbeid er særleg aktuelt i desse dagar, når frivillige landet over tek imot syriske flyktningar og gjer alt dei kan for å gje dei ein så god velkomst som mogleg. Kanskje skulle me også sjølv la oss utfordre til å gjere ein konkret innsats for dei som treng hjelp i vårt nærmiljø? Det finst mange oppgåver å gå inn i, eg er viss på at Caritas-senteret har råd om korleis me kan bruke våre krefter. I vår kyrkjelyd har me vår eiga Caritas-foreining som treng fleire støttespelarar. Og kva med sjukebesøk, støttekontakt-arbeid eller frivillig arbeid i ein av dei mange etablerte institusjonane som finst? Guds rike har rom for meir konkret arbeidsinnsats.

Sjølv om Jesus ser på omverda med eit inkluderande blikk betyr det ikkje at alt er godt, at alt er rett. Me treng også å sjå avgrensingane. Livsfornektande praksisar som til dømes institusjonalisert fosterdrap og legeassistert sjølvmord er perversjonar av noko som prøvar å presentere seg som gode intensjonar. Livet er ukrenkeleg. Ekstrem materialisme og sjølvsentrert individualime vert gjerne sett på som eit gode og ein rett, men bryt i sanning ned den menneskelege einskapen og solidariteten. For slike destruktive krefter vender Jesus på det heile og seier: “Den som ikkje er med meg er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.” (Matt 12,30).

Som kristne er me kalla til å skjelne åndene, og sjå etter sanninga i vårt eige tilvere og hjå våre medmenneske. Kristus utfordrar oss til å gje avkall på alt som hindrar oss frå å vekse i kjærleik og sanning. Til hjelp har me fått Den Heilage Ande i våre hjarte. I fyrste lesinga i dag svarar Moses dei som klagar på profetisk tale innanfor leiren: «Gjev alt Herrens folk var profetar! Måtte Herren gje dei alle sin Ande!». Denne Anden har me ved Kristus fått del i, og med det den krafta og rettleiinga me treng for å vekse som kristne. Å sjå oss sjølve med sannings blikk er ei krevjande øving. For det inneber å sjå også det som er usant i våre eigne liv. Me er ikkje fullkomne. Me treng alle sjeleleg lækjedom og åndeleg helbred.

Eg hugsar eg tvilte på eit poeng i ein homilie eg skreiv ein gong, og eg diskuterte innhaldet med ein klok dominikanarbror som heiter Paul Murray. Han støtta meg i vinklinga eg hadde vald for preika mi, men la samstundes til: “You know Haavar, every homily is a heresy!” Med det meinte han å si at det vil alltid vere noko som manglar, noko som ikkje femner heile sanninga. Kanskje skal me våge å sjå våre eigne liv på same vis, -der det alltid er noko som manglar på det fullkomne. Men det vil ikkje sei me lever halvtome liv! Me vert stadig fylt av Heilaganden, me er Work in progress, som skal leiast fram til fullendinga der Guds kjærleik vert alt i alle.

Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen OP,
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.