Trinitatis

TrinityTrieiningssøndag

Brør og systre! Kvifor har kyrkja eit dogme, ei trussetning, om at Gud er treeining? Er ikkje det å gjere Gud for komplisert? Svaret er: Fordi Gud er så komplisert, fordi Gud er slik! Fordi Skrifta og den apostoliske trua lar Gud tre fram slik. Dogmet er der ikkje for å forklare og rasjonalisere. Tvertom: Dogmet held fast det som er sagt om Gud, lar det stå, nettopp for ikkje å falle for freistinga til å forenkle og forflate. Dogmet er nettopp ikkje ein trussel, men eit vern om mysteriet! Slik er Bibelens bilde av Gud:

Han er éin. Gud som bur i eitt ljos der ingen kan kome. Han er Faderen, som føder Sonen; han er Sonen som er født av Faderen, Sonen, Ordet som var i opphavet hos Gud, den einborne som er Gud, og som er i Faderens fang, Gud av Gud, ljos av ljos; han er Anden, som er ein levande person, Talsmannen, Sanningsanden, som går ut frå Faderen og Sonen, som er Herre og livgjevar.

Slik er Gud – ein levande Gud! Ja, at han openberrar seg som den Treeininge, viser nettopp til fulle det som alt patriarkane visste: Gud er ein levande Gud. Han er den som mange menneske har møtt som den levande, slik Pascal hadde dei innsydd i frakkeslaget sitt, etter sitt underfulle møte med Herren: -Eld! Han er ikkje guden åt filosofane, han er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud! Pascal hadde møtt  Israels Gud, El Sjaddai, den allmektige Gud, El Elohim, den høgste Gud.

Gud er ikkje eit ”prinsipp”, han er ein Gud som elskar, som vil, som lid, som harmast, som ser og høyrer og bønhøyrer. Han er ein Gud som involverer seg i verda, i mennesket – heilt til det å gjere seg til eitt med oss, ja: bu i oss. Faderen og Sonen skal kome og ta bustad i dei truande, seier Jesus og i den andre lesinga høyrde vi: ”den Ånd dere har fått, gir dere rang som barn, den får oss til å rope: ”Abba, Far! Ånden selv forener seg med vår egen ånd for å bevitne at vi er Guds barn!”

Gud er ein Gud som kjem til oss, som openberrar seg. Ein som talar ut or elden, ein Gud som vél seg ut eit folk og fører det gjennom historia, i den gamle og den nye pakta,  i Israel og i kyrkja.

Brør og systre, Gud er treeining, han er levande. Han kjem til oss, han bryt gjennom alle hinder og kjem tilbake også til denne tida, til dette samfunnet. Eg opplever det, som preikebror, nettopp som eit kall å seie til dette folket der trua på Gud er blitt så frustrert: ”Så skal du vite og og legge deg på sinne at Herren er Gud, både oppe i himmelen og nede på jorden, han og ingen annen”.

Den levande Gud, den treeinge Gud, kan ikkje gripast reint teoretisk. Han opplyser vår tanke, han har ein plass der også, det jo han som han gitt oss evna til å tenkje; men den levande Gud møter oss gjennom livet, trua er ein praksis. Når han openberrar seg på Sinai berg, seier han, som vi høyrde: ”Du skal holde hans forskrifter og bud som jeg gir deg i dag”. Han gir folket sitt ein veg å gå. Og når han openberrar seg på fjellet i Gallilea, himmelfartens berg, seier han i evangeliet: ”Dra  derfor ut og gjør alle folkelag til disipler, ved å døpe dem til Fadrens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn, og ved å lære dem å overholde alt det jeg har befalt dere”.

Kjære brør og systre, det er når vi lever i dette paktslivet med Gud, ein relasjon av truskap og lydnad, at Gud mysterium opnar seg for oss. Også vårt eige mysterium, menneskets mysterium. For kva er eit menneske? Guds avbilde, ei treeining av ånd, sjel og kropp, eit levande, elskande vesen! Vi høyrer saman med vår Skapar. Guds mysterium er menneskets mysterium. Fyrst i Gud ser vi kven mennesket er. Difor speglar vi oss i dag i han, vår skapar, og seier:

Å for eit djup av rikdom og visdom og skjøn hjå Gud! Kor uransakelege hans domar er, kor ufattelege hans vegar!
Av han og ved han og til han er alle ting. Han skal ha all ære i all æve! Amen.

Arnfinn Haram OP (1948 – 2012)Arnfinn

 

Denne preika publiserte broder Arnfinn på bloggen sin – http://arnfinnharam.wordpress.com/  – den 7. juni 2009.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.