Du lokka meg Gud, og eg lét meg lokke…

Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen OP,
St. Dominikus kloster, Oslo

Lesninger 22. søndag i alminnelig kirkeår år A

———————————————————–

Under ein middag høyrde eg ein gong ein predikant som sa: «Når eg held tale hos forsamlinga nede i sentrum, då pleier eg å legge nivået på det teologiske innhaldet litt ned i forhold til når eg preikar her i denne menigheten.» Det var veldig få som syntes talene hans var spesielt djupe eller spennande å høyre på, og under kaffien etterpå spurde kameraten min retorisk: «Om han legg nivået på talen ned når han preikar, kva gjer han då? ‘Dikkedikkedikk’?»

Eg trur kanskje det er litt slik med Gud også, når han vender seg mot oss. Gud søker å møte oss der vi står. Han veit at me menneske treng tid, og han pressar aldri igjennom sin vilje. Men han kallar, slik Jeremia så vakkert seier det i dag: «Du lokka meg, Herre, og eg lét meg lokka. Du vart for sterk for meg og vann.»

Jesus og Peter fiskerenHerren lokka også i si tid Peter, den dagen han sto med tomme garn på stranda og Jesus sette seg i båten hans. Den dagen fekk Peter ein større fangst enn han sjølv var klar over. Han fekk seg sjølv i garnet. Og Jesus tok fangsten med seg og sa: «Kom, så skal eg gjere dykk til menneskefiskarar». Peter fylgde truskuldig med, men lite visste han om kva som skulle kome. For då Peter la ut på sitt livs fisketur, då visste han ikkje at det var han sjølv som var agnet!

Det er farleg å gje seg inn på eit venskap med Gud. Peter og dei andre disiplane veit ikkje kva som ligg framføre dei. Dei er kalla til teneste, ikkje til å sette kursen for vegen dei går. Og det byrjar i det små. Det gjeld også oss. Anten ein tek ansvar for kykjekaffen, arbeider i katekese og søndagsskule, eller er med og ministrerer… Når ein opnar seg for Gud opnar også Gud seg for oss, og viser oss djupn i oss sjølv som me ikkje visste om, og som me nokre gonger synst det kan vere vanskeleg å ta imot.

Slik er det også med Peter. No står Jesus og fortel om ting som Peter ikkje vil høyre. Og skal me vere ærlige tenker vel ikkje Peter berre på Jesus? Om Jesus vert utsatt for slike gruelege hendingar, då ligg han vel kanskje tynt ann sjølv òg? Og i sitt stille tenker kanskje Peter: Var det dette du lokka med til? Er det verkeleg dette du vil dra oss med på? Dette er jo livsfarleg?!

Gud blir nokre gonger hakket for stor for oss. Hans planar blir så overveldande, og me blir så fryktelig små. Eg trur det er dette Peter kjenner på når han høyrer Jesus snakke om si eiga liding og død. Trusprosjektet som Jesus har satt i gong byrjar å koste noko. Og me blir redde, og me tenker: Ja men kva med meg? Bryr du deg ikkje om meg?

Ja, så feil tar me arme menneske. Som om Gud skulle ynskje å gjere oss vondt? Me trur at Gud arbeider mot oss. At han vil dra oss vekk frå oss sjølv, at me ikkje skal få vere den me er.  Det heile er jo i sanning omvendt. Gud er den som har skapt oss, og som har forma oss til å vere akkurat den me er. Og det er akkurat den utgåva som me er som Gud ynskjer å bruke i sin store plan. «Eg har skapt deg, seier Gud, for at du og eg skal leve i djupaste venskap, me skal vere vener som ingen andre kan det!»

Livet er ikkje utan mål. Gud har ein veg for oss, og han ber oss om å våge å stole på hans vegar. Skal me klare det må me våge å gje oss over til Gud. Me er kalla til å legge vår tillit og vårt håp i Gudes hender. Men også våre tvil, sorger, redsler over i Guds famn. Me må våge å la oss fylle av Gud.

Det er dette Augustin vitnar om i sitt verk Confessiones – Vedkjenningar. Der skriv han om korleis han ikkje forsto Gud og hans vegar. Men når han ser tilbake ser han Guds verk, liksom i bakspegelen i sitt eige liv. Og han ser korleis Gud trufast fylgjer han og formar han. Og han seier til Gud:

Men du kalte, du ropte, og du brøt deg gjennom min døvhet. Du glitret og skinte, og fjernet min blindhet. Du åndet på meg med ditt søte åndedrett, jeg innåndet, og nå sukker jeg etter deg. Jeg har smakt deg, og nå hungrer jeg og tørster etter mer. Du rørte meg, og nå brenner jeg for din fred. (Confessiones, bok X)

Så lat oss i dag opne oss for Gud og hans vilje i våre liv, og slik bli meir oss sjølv. Lat oss våge å gje oss over til Herren, slik at når me tar i mot Kristus i nattverdbrødet, då er også hjartet med, i tillit og i bøn.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.