Oppgjer og kjærleikens fellesskap

CONFESSION_1Kjære brør og systre!

23. alm. søndag (A)

Det handlar i dag om kyrkja, om Kristi kyrkje, Guds kyrkje, som ein fellesskap der Gud er nær og handlar med oss, midt i mellom oss.

Kyrkja er menneskeleg, for ho består av menneske – men samtidig er ho guddomleg, heilag; nettopp fordi Gud er nær, fordi han har kalla henne saman, ekklesía – det greske ordet tyder nettopp ei offentleg, samankalla forsamling. Kyrkja er heilag fordi ho er grunnlagd og stifta av Kristus, fordi han utfører sitt verk gjennom henne. Kyrkja er ikkje noko som blei laga seinare, slik ein hevdar både i den liberale teologien og i mange protestantiske rørsler: -Jesus forkynte Guds rike, men i staden fekk vi kyrkja.

For katolske kristne er det klårt at å vere kristen og å tilhøyre kyrkja, er éi og same sak, at det høyrer uløyseleg saman.

Vi høyrer i dag at kyrkja både er eit ordna samfunn – eit retts-samfunn, kunne vi seie – og eit åndeleg samfunn. Kyrkja er ein plass for oppgjer på ein ordna måte, for disiplin og faste prosedyrar – og ein kjærleikens fellesskap, ein syskenfellesskap og ein bønefellesskap.

Der synda på ein tydeleg og manifest måte skandaliserer og skadar fellesskapen, skal det gjerast opp. Ikkje berre privat, men kyrkjeleg, offisielt. Du skal gå i rette med din bror, personleg, men om det er naudsynt, er det også ei sak for kyrkja – som Gud har gjeve fullmakt til å løyse og binde, altså til å utøve ei åndeleg rettsfullmakt på jorda, på Guds vegner. Som Jesus seier: Alt hva dere binder på jorden, skal være bundet i himmelen; og alt hva dere løser på jorden, skal være løst i himmelen. Det er dette vi kallar nyklemakta. Dersom vi ikkje gjer bot, har vi brote, ikkje berre med Gud, men med kyrkja, og vi skal stå i samme stilling som en hedning, eller en tolloppkrever, høyrde vi, som ein av folkeslaga utanfor Israel, som ein tollar og landssvikar. Dette er det som i den kyrkjelege disiplinen blir kalla ”ekskommunikasjon” – å bli halden utanfor nattverdsamfunnet, utanfor kommunionen.  Ikkje for å bli hengt ut, men for å bli henta inn igjen, nettopp gjennom bota, gjennom oppgjeret, gjennom avløysinga, gjennom tilgjevinga, gjennom nåden.

Vi skal merke oss at også når det gjeld dette, er det Jesus sjølv som gir oss dei barske og tydlege orda, ikkje ein eller annan sur apostel eller kyrkjefader. Han vil rett og slett at kyrkja skal vere eit ope og skvært samfunn. Alvoret og syndene skal ikkje feiast under teppet. Det skal takast eit oppgjer på ein ordna måte.  Nettopp det at vi er brør og systre, fordrar forsoning, vedkjenning, bot. Kjærleiken gler seg ikkje ved urett, men han gler seg ved sanninga, står det nettopp i Kjærleikens høgsong, 1 Kor 13.

Men kyrkja er òg staden der Gud er nær og høyrer vår bøner og tek i mot vår tilbeding:

Så fremt to av dere blir eninge om å be om noe, skal dere få det av min Far i himlene, hva det enn er. For der hvor to eller tre er kommet sammen i mitt navn, der er jeg selv midt iblant dem.

Her er det ikkje snakk om ei lita privatforsamling, men nettopp om ekklesía-en, om Guds kyrkje, som ein offentleg storleik. For at ei synagogeforsamling skulle gjelde som ei offentleg gudstenesteforsamling, måtte  det vere eit visst antal jødiske menn tilstades. Kristi kyrkje framstår nettopp som kyrkje når minst to eller tre – det vere seg menn eller kvinner-  er samla i hans namn; med alt det innber, på ein ordna måte, slik som i messa. – Før templet i det gamle Israel blei borte, var det der Gud på ein særleg måte høyrde folkets bøner, eller når dei vende seg mot templet, mot Jerusalem. Som kong Salomo seier i den store bøna han ber fram då det fyrste templet blei vigsla:

Vak over dette huset, dag og natt, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram for deg, vend mot denne staden… Og når du høyrer dei i himlen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!… Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn… Når det vert hungersnaud i landet…  – og Salomo nemner mange ting som folket vil få bruk for å be om, både i strid og i fred –  då må du høyra dei inderlege bønene deira i himlen, der du bur og hjelpa dei til deira rett (1 Kong 8, 12ff).

Brør og systre, det er denne ”retten” til å be om alt vi har på hjarta, Guds borns rett, vi utøvar når vi ber i det som i den nye pakta er Guds tempel – nettopp Guds kyrkje, Kristi kyrkje. Difor skal vi alltid kome til Guds hus, ikkje minst til messa, med verkeleg bøn i hjarte og munn. Som vi har sagt før: Ver dristig når du ber! Vit kva du vil! Renn hjartet ditt ut for Gud. Di bøn blir styrkt nettopp når ho blir sameina med heile kyrkja si bøn.

Det kan synest nesten dumdristig av Gud å love at han skal høyre våre bøner. Ofte synest det som om han ikkje høyrer. Det finst ingen fasit på dette. Å vandre med Gud, krev sin mann og si kvinne, krev at du også må gå gjennom mørke passasjar og likevel halde fast. Ja, Jesus sjølv måtte rope ut på Golgata: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? – Og likevel sa han: Fader, i dine hender, overgjev eg mi ånd.

Difor seier eg, trass alt, midt i alt: ”Det er svar underveis/engler kommer med bud/om det drøyer, det fram dog skal nå!

Saman med heile kyrkja, legg eg mitt liv i hans hand.

Denne preika publiserte broder Arnfinn på bloggen sin –http://arnfinnharam.wordpress.com/ – den 4. september 2011.

Arnfinn Haram OP (1948-2012), St. Dominikus kloster, Oslo

Arnfinn Haram OP (1948-2012),
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.