Å la seg bli sett

Lesninger for 21. søndag alm kirkeår (C)

Kjære vener. Gudsorda fell tungt i lesningane me har høyrd. For kva er det for ein Gud Evangeliet avdekker i dag? Ein despot, ein eineherskar, mannevond og nådelaus? Kva er det for ein Gud som ikkje vil ta imot sine born som står hulkande framfor Guds trone og himmelens port? Kva er det for ein Gud som tuktar oss, som refsar og straffar slik han finn det for godt? Eg berre spør: Kva er dette for ein Gud?

Om me tenkjer på Gud på dette viset, då har me ikkje tatt heilt inn over oss kva Kristi korsoffer inneber for oss. Ved Kristi liding og død på korset har ikkje Gud berre frelst verda. Han har òg gjort noko med sjølve lidinga. Gud har ved frelsesmysteriet gjeve lidinga sjølv ein sjanse.

Den smerta som me alle tidvis kjenner i våre eigne liv er ikkje noko Gud ynskjer. Han ynskjer lukke og fred for sine born. Lidinga er eit teikn på ein ufullkomen tilstand, ein mangel i det skaparverket som Gud tenkte ut for dei som han sette høgst, nemleg deg og meg. Det er meiningslause og tomrom i lidinga. Likevel finst der ein veg i smerta. Foreina med Kristi liding kan alle prøvelsar me lever bli til ein frelsesveg, ein veg som leier oss mot Guds milde nåde og audmjuke kjærleik. Men korleis?

Min medbror, Arnfinn Haram, sa ein gong: Det handlar ikkje om å overvinne smerta og prøvelsane. Det handlar om å gjennomvinne dei! Eg trur han meinte å sei at det handlar om å stå i det som er vanskeleg, ikkje åleine, men saman med Kristus. Det er inga lett oppgåve. Å stå med garden nede når ein blir slått gong på gong, det er å trosse våre menneskelege refleksar. Men det er nett dette Kristus gjer, både i ørkenen der djevelen freistar han, i hagen i Getsemane då han som så mange gonger før i sine nattebøner vrir seg i otte og fortviling, og på den tunge vegen mot krossen. Jesus forsvarar seg ikkje. Han overgjev heile sitt liv til sin Far. Han trossar refleksane som vil beskytte mot det som gjer vondt i livet. Ikkje fordi han vil pine seg sjølv. Men av di han veit at Gud vil vere der for han, og halde si hand over han. Uansett. ”Eg gjev deg heile mitt liv”, seier Kristus til Faderen. ”Ikkje berre dei gode dagane, men òg dei smertefulle, dei forferdelige dagane. Alt gjev eg deg, min Gud, mitt alt.”

Kva er det så som kan sette oss i ein slik posisjon at me blir ståande på utsida av Guds rike når domen fell? Er det at me avviser Gud?

Ein ven av meg fortalde meg at han hadde fått ei utfordring av psykologen sin. Han skulle tenkje over dette å bli avvist, -kven var han mest redd for å bli avvist av. Han hadde kome fram til at han kunne tole å verte avvist av mange. Og han konkluderte med å sei: Det berre ein person som det vil være verkeleg truande å verte avvist av. Meg sjølv.

Edvard Munch Kvinnen 1894 utsnittMe er heile tida freista til å vende ryggen til det me ikkje vil sjå i oss sjølve. Men om me stenger av frå det smertefulle, om me ikkje orkar å nærme oss sanninga om kven me er, om me flyktar frå oss sjølve, korleis skal me då kunne overgje heile våre liv til den Gud som elskar oss? Korleis skal Gud kunne kjenne oss att om me aldri viste oss for han slik me faktisk er? Om me fornektar oss sjølve, då fornektar me den personen som Gud har skapt oss som, og i ytste konsekvens risikerar me å fornekte Gud sjølv.

Må Gud forby at nokon av oss skal få høyre desse orda: ”Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!”. Lat oss heller sleppe Gud inn i heile våre liv. Lat oss be om mot til  å møte oss sjølve, med alt det me er, og lat oss be om kraft til å våge å vende oss mot alt i oss, også det me ikkje vil sjå. Lat oss legge fram vår avmakt og våre synder i skriftemålet. Lat oss støtte kvarandre, systrer og brør, og bere børene til kvarandre. For når me gjer dette, då trår me stien fast og rett, som Paulus seier. Då kjem Gud oss i møte, lenge før me er kome halvvegs. Då kastar Gud armane om halsen på oss, og lyfter oss på herdi og ber oss inn til bryllaupsfesten og den evige gleda.

p. Haavar Simon Nilsen OP, St Dominikus, Oslo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.