2. søndag i fasten, år B

Transfiguratio Domini, San Marco. Firenze, Fra Angelico
Evangeliet i dag er også tekst på Kristi forklaringsdag, Transfiguratio-festen. Då er det nettopp Jesu transfigurasjon – at displane får sjå hans guddom – som er i fokus. I dag, i fastetida, er det vegen til forklaringa, til triumfen, til sigeren, som påkallar vår merksemd. Ja, Jesus let truleg disiplane nettopp få ein glimt av kven han verkeleg var – og er -: ’Gud av Gud, ljos av ljos’ (Nicenum), nettopp fordi dei snart skulle gå inn i det store mørkret, der alt skulle bli tatt frå dei, og Meistaren bli arrestert, dømt, torturert og henretta.
At dei var på veg frå Galilea til Jerusalem, til Getsemane og Golgata, til offerdøden for verda – det var noko disiplane ennå ikkje forstod, noko Jesus berre antyda. Han forbaud dei å røpe det dei hadde sett der på Tabor, hans persons mysterium, til etter at han var stått opp frå dei døde: De merket seg dette ordet, men begynte så å drøfte seg i mellom hva dette med å oppstå fra de døde skulle bety, høyrde vi. Les videre →