Det faste punktet ligg framfor meg

33. søndag i kyrkjeåret (C)

Frå Arnfinn Harams weblog den 30. november 2009. Han skreiv det til 1. adventssøndag, men det passar også for denne søndagen:

Kjære brør og systre!     Rough road to paradise

(….) Mange kjenner Jesu apokalyptiske tale, hans ord om verdens ende, som noko uhyggjeleg – kanskje fordi dei veit at ikkje alt er som det skal for deira eigen del. Og det er all grunn til å ta det alvorleg, for éin dag skal vi alle verkeleg møte Menneskesonen ”ansikt til ansikt”, som vi høyrde.

Men, brør og systre; vi skal ikkje sjå på dette som ei skræmsle, vi skal sjå det som eit punkt av von, av rettferd, av endeleg siger for det som er rett. Nettopp difor skal vi ”rette ryggen og løfte hodet”!

Eg skal ikkje la meg knuge ned av det negative, eg skal ikkje la meg forvirre av alle meiningane som svirrar rundt meg. Eg skal forbli nøktern, eg skal behalde fotfestet og dømekrafta. Det faste punktet ligg ikkje bak meg, i ei fortid som blir stadig fjernare; det ligg framfor meg, der framme! Kristus, Messias, kjem til meg frå framtida; han kjem med framtida! Adventus Domini!

Eg skal utfriast frå alt det som er korrupt og forfalle og tvetydig i livet mitt, merkt av synda og av døden. Kyrkja, den nye menneskeslekta, den nye humaniteten, skal ha sin heim under nye himlar og på ei ny jord.

Kjære truande: Omveltingar og kriser vil kome – for menneska, for verda, for heile skaparverket. Men det er fødselsrier; eg veit at etter tordenskyene og uvêret skal sola gå opp og himlane klarne!

Difor går eg inn i adventstida med denne røysta syngjande inni meg: -Herre, du som eg har trudd på, deg skal eg få sjå – og alt anna skal eg få sjå i ljos av det!

Tenk når ein gong dei lettar alle skuggar/som her ligg tyngjande på all min veg,/Når sol som aldri sig, mitt hjarta huggar/og ljos omstrålar kvart av mine steg!

Arnfinn Haram OP (1948-2012), St. Dominikus kloster, Oslo

Arnfinn Haram OP (1948-2012),
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.