(Homilie for 8. søndag i det alminnelige kyrkjeåret, år A. Dagens lesningar)
Me står no like framfor inngangen til fastetida. Om berre tre dagar skal me teiknast med askekrossen. Presten minner oss samstundes om at me er Guds forgjengelege skapning og eigendom, og formanar til omvending og tru. Med dei orda legg me ut på den førti dagar lange ørkenvandringa saman med Jesus. Det er ei tid for forsaking, bøn og faste.
Dagens Evangelium kan me sjå som eit forberedande innsteg, der me så å seie tunar oss inn på tida som kjem. Kristus formanar til tillit til Gud, og til å legge livet i Herrens hender. Det er inga lett øving. Mennesket slit ofte med tilliten, og held hardt på sitt eige. Sjølv når eins eige strengt tatt ikkje er så mykje å halde på. Det vert litt slik som når Piet Hein skildrar si hanglande helse i vinterkulda:
Jeg er så forkølet, forpint og besværet,
og det er så synd og så trist,
og jeg er så syg, som ingen har været –
siden jeg var det sidst.
Piet Hein
Mennesket freistast gjerne til å gå og degge for sitt eige elende, og er ein fyrst kome i ein slik tilstand er ein lite open for oppmuntrande ord. Ein skal ikkje prøve seg med fraser som til dømes: «Det kommer ikke an på hvordan du har det, men hvordan du tar det.» Les videre →